fredag 6. november 2009

Om minna ein får av å sjå gamle tekstar

Dersom eg har skrive noko særs personeleg, er det naturleg at ein masse minne flommar opp i meg når eg ser teksten att. Mei uventa var det at ei semesteroppgåve som har ligge i dvale (det vil seie vore innsendt til rettleiing) hadde same verknad på meg når eg gjennomgjek den med rettleiar.
Oi, tenkte eg. Denne oppgåva vart unnfanga når eg kjeda meg på jobb i sommar og kom over YouTube-videoen eg i hovudsak skriv om, den fekk sin ganske gode tidlege start som eit fylgje av min semesterstartentusiasme, der eg påtok meg tidleg presentasjon av semesteroppgåve og difor skreiv ein god del ganske tidleg, medan sluttføringa av utkastet er derimot eit minne om stress der eg ikkej ville anna enn å bli ferdig med utkast, pensumlesing og alt slikt og ta fri. Sterkast var det kan hende å kome på den dagen eg sat, på nervepasientstadiet av utanforhet, i vindauget på ein kafe eg mest ikkje hadde vore på før og las tilleggpensum til oppgåva, og på denne særs ukomfortable, psykologisk dramatiske dagen blei mange av dei sentrale ideane til oppgåva tenkt fram.
Vegleiinga gjekk strålande. Kan hende syner det at både keisemd, ambisjonar, seiste liten-stress og mental ustabilitet hjelp på kreativiteten. I alle fall dersom ingen av dei får rå grunnen åleine.

2 kommentarer:

Åsne Hagen sa...

Rekonstruksjon... eg har det på same måten når eg finn igjen klede som eg ikkje har gått med på lenge. Ofte vert eg forundra over kor mykje som har skjedd i tida sidan eg sist hadde på nett den kjolen.

johnmagnus sa...

Å, slik har eg det ogso! Særskilt når eg finn klede i klesskapa heime hjå mamma eller pappa, klede eg hadde gløymt eksisterte som minner meg om ting eg heilt hadde gløymt