tirsdag 1. desember 2009

Om eit år som har gått

Jaja, dette innlegget kom ikkje på bloggaren sin bursdag, men det får heller vere - det er eit teikn på at han hadde anna å gjere, og det hadde han. Han hadde det særs bra.
Eg føler litt for å kvantifisere året:

Eg har brukt ca. 35 000 kr på ting som kan etast. Det har vore mi nest største utgift. Eg kunne nok kome ned i ca. 9000 utan å svelte, men det hadde vore stusseleg. Eg et ganske godt. Likar mat. Likar for mykje å småspise, særskilt dersom eg er lei meg eller rastlaus.

Eg har ikkje vakse nokon centimeter, i motsetning til året eg var 19, då vaks eg 1 cm.

Året har mest heilt nøyaktig vore delt i to mellom kjærast- og singeltilværet.

Eg har vore i fire land, det eine berre på gjennomreise.

Eg har for fyrste gong tent pengar på kunsten, meir nøyaktig 21 000 kr før skatt. Nei, nå laug eg: Førre året tente eg jo 800 kr skattefritt. Men dette er fyrste gong eg har skatta kunstinntektene, altso. Ogso fyrste gong eg har fått betalt via avtale. Det er faktisk fyrste året eg har skatta uansett. Om lag 18 000 kr. Eg reknar med å få ein del att neste år. Eg likar å medverke økonomisk til fellesskapet, men eg tykkjer det er litt teit at eg skal betale skatt med sopass lita inntekt likevel.

Eg har ete to store graskar. Det er den største mengda graskar eg nokon gong har ete

Eg har tekje meir tog enn nokon gong før. Eg orkar ikkje telle. Minst 30 gonger.


Dette blei litt stussleg. Kanskje eg utvidar innlegget seinare.

2 kommentarer:

Greta-G sa...

utten, jeg visste ikke at du hadde blogg!
Nå har jeg begynnt å abbonere på den via bloglovin.

Takk for kommentar.

Jeg har skrevet et lignende innlegg idag, type "året som gikk" hihi.

Også ble jeg veldig nyskjerrig på hvilken kunst du har tjent så mye på? :)

/Greta-G
http://gretag.blogg.no

johnmagnus sa...

No veit du det :) kjekt at du abbonnerar på han! Såg innlegget ditt, fint med bilete!

Kunsten eg har tent pengar på er eit manus, ein regijobb og to teaterkurs. Seistnemnde er vel i grenseland for kva ein skal kunne kalle kunst, men det er i alle fall relatert til mine kunstneriske aktivitetar.
Fordelen med kurs og regioppdrag er jo at nokon på førehand ber deg om å gjere det, so du kan vie all di tid til det utan å bekymre deg for pengar og slikt :)