mandag 22. mars 2010

Om frynsene mine og kva som frynsar meg til

Den personen eg plukkar opp desidert flest ord frå og set dei til å arbeide i daglegspråket mitt, er storesystera mi (nummer to er den typiske bergensar, som særskilt påverkar ordstillinga mi - istad skreiv eg "mi storesyster" fyrst, før eg retta det til det meir (for min del) dialektnære "storesystera mi"). Eit epitet eg har henta frå hennar vokabular og lagt over i mitt, er "frynsete". Eg vert heil frynsete.
Det er mange ting som gjer meg frynsete. Av og til irriterar eg meg frynsete over dyr og folk som gjer ting eg ikkje set noko vidare pris på gjentekne gonger, til dømes katten til nemnte storesyster som likar å gnåle (nok eit ord eg har frå den kanten) og dersom gnålet ikkje førar fram, bite meg i nasen.
Ein anna type å vere frynsete på er å vere blakk. Eg kan godt forstå at folk som er ordentleg fattige, og ikkje berre småfattige som meg, gjeng rundt og er i konstant dårleg form. Opium til folket har nok noko for seg, i det minste for sjelefreda si skuld. Men no er vel folket so rike og nøgde at dei ikkje treng opiumet lenger for sjelefreda, dersom ikkje dei velhaldte plenane deira skaffar dei like stor eksistensiell angst som eg fekk av å sjå at dei fantest når eg gjekk på vidaregåande.
Aller mest frynsete vert eg av folk eg likar veldig veldig godt, og som ikkje likar meg like godt, eventuelt veit eg ikkje kor eg har dei (enno verre!). At dei fleste slike tilsynelatande er like frynsete som meg, men av andre grunner, gjer det ikkje noko betre: Eg hadde vore mykje mindre frynsete dersom eg visste at personen som frynsar meg til er ein stabil, rasjonell aktør (eg kjennar kan hende berre eitt slikt menneske, men det er lov å håpe, sjølv om lite tydar på at eg ville ha blitt særskilt tiltrekt av ein slik person). Latterlege oppfinningar som mobiltelefonar og sosiale medium gjer frynsene større, fleire og djupare. Kor herleg hadde det ikkje vore å vere totalt avskore frå tilfrynsaren, ikkje potensielt i nærkontakt av andre grad slik eg mest er til ei kvar tid no. Eg vil gå lange turar på fjellet, utan mobiltelefon, utan dekning, utan mac, utan mobilt breiband, utan ei turisthytte med telekommunikasjonshøve innanfor to dagsmarsjar, heilt eismall, gjerne med mange kalde fjellbekkar eg kan bade i slik at eg trekk meg so mykje saman at frynsene gror att (gode, gamaldagse kalde avrivingar hadde nok noko for seg). Langt vekk frå digital lusking og ei sterk lengt etter å for ei gongs skuld få ein kjekk SMS.

Men det hadde sikkert ikkje hjulpe det heller. Katten kan eg hive ut, og pengane kan eg trass alt spare, men blondusar (det er sjølvsagt det det handlar om, eg byrjar å bli fiksert ser de), særskilt slike som er umoglege og tydlegvis har alt for mange motstridande tankar i hovudet på ei gong, held seg i hovudet ditt dei, og frynsene hadde garantert hengt på plass att dag 1 attende i byen. Kan hende skal eg spørje psykolog Sissel Gran om hjelp:
"Sissel har trukket bena godt opp under seg i sofaen, dette med kjærlighet kan hun alt om."
Då trur eg heller på deLillos. Det høver jo dessutan med mitt harde humanistoppfatning om at kunsten lærar oss meir om menneskesinnet sine krokar og sjela sine irrgangar enn det psykologien gjer:
"Har noen mennesker lært dette å bli ekspert på kjærlighet
Er det noen skam om du føler deg lam av kjærlighet
Om du føler deg altfor ung
Om du føler deg alt for liten og dum
Så er det ingen av oss som vet noe mer enn deg
Nei, det er ingen av oss som vet noe mer enn deg"

1 kommentar:

Unknown sa...

Stundom er det fint kunne forsvinne frå verda, og stundom er det litt fint å tenke på at ein er i stand til å være frynsete sånn innimellom.