onsdag 11. august 2010

Om alle eg har vore forelska i. Som ikkje finst, i alle fall ikkje i det daglegdagse røyndomsplanet

Galadriel. Men det veit de vel, dersom de har lese denne bloggen ei lita stund. Ho er framleis den finaste eg veit. Presiseri g: Den Galadriel eg er forelska i, er ho i bokmålomsetjinga av bøkane. Diverre er ho nok på eit heilt anna nivå enn meg når det kjem til intellektuell og personleg mogenheit.

Pinky. Gud, han var fin han. Eg trur ikkje eg forsto at eg var forelska i han før eg blei stor. Eg likar han ogso litt (ganske mykje) enno, og drit langt i at det gjer meg til pederast. Ogso her trengs det ei presisering: Objektet for mitt attrå er den Pinky som opptrer i den originale Skatten i Kjuttaviga. Og veit de kva: Eg klarar ikkje å finne bilete av han på nett. Difor blir ogso dette eit biletlaust blogginnlegg. Dei seinare Pinky-ane er nesten like ille som Sunniva, både mindre pene og ikkje minst kvalmande nymoralistiske. Stor vyrdnad frå mi side om nokon klarar å finne eit bilete av den originale Pinky (anno 1992), og sende det til meg.

Ei namnlaus jente, som har vore "stand-in" for mine gutteromansar dersom nokon, som oftast ein perifer slektning, har spurt om eg har ei jente på gang, og eg tvert om har hatt ein gut på gang, og ikkje orka å forklare det. Ho er eit produkt av min latskap og min feigskap, men fortener kan hende ein lite grann respekt fordetom.

Eg veit har ein del til. Men dei har eg delvis gløymt. Du veit, gløymt dei på den måten at eg ikkje får bilete av dei i hovudet når eg skriv eit blogginnlegg som dette, men ikkje gløymt på den måten at eg ikkje kjem på at eg har vore forelska i dei dersom eg ser dei att.

Iblant lurar eg forresten på om ikkje alle mine romansar har vore fantasifigurar.

3 kommentarer:

Greta-G sa...

Jeg var også forelsket i Pinky!
Kan det være pga navnet?

SV: Smør er ikke godt i Bolivia.

/Greta-G

nattvake sa...

Om eg ikkje akkurat forelska meg i Galadriel då eg las boka for fyrste gong (og i Kate Blanchett då ho litt seinare tolka ho på lerret), var eg svært, svært fengsla av ho. Tilogmed betatt, vil eg påstå. Eg var forøvrig forelska i Aragorn, men det er ein anan sak.

Jenny sa...

Jeg var også forelsket i Pinky :'D
Han første, selvfølgelig. Og jeg var seks år gammel. Men likevel.