mandag 30. august 2010

Om ikveld

No sit eg eismall ved kjøkkenbordet, berre tastaturet som slår, klokka som slår, kjøleskåpet som brummar, dei farga ljosa som strålar fredeleg held meg med selskap. Snart skal eg leggje meg og lese eit langt kapittel i ei fantastisk bok eg ikkje har tatt meg tid til å lese nok i i det seiste. Kanelbutikkene, Bruno Schulz, forteljingar/noveller/ein roman, barokk og fabulerande, og like sanseleg som lukta av ostepop og kjekke menn, les ho.
Eg har lese om bilete i dag, om bilete som bilete, og øva meg i å skrive kunstkritikk. Det er rart at det skulle bli kaffi og bilete som pregar store delar av universitetsdagane mine, eg som eigentleg kom med te og tekst som tyngste ballast. Eg er ein nerd, seier dei eg bur saman med. Eg er usamd, seier eg. Sanninga er vel midt i mellom: Eg er glad i å vere paradoksal, og flink til å vere ein allsidig nerd. Kan hende er det det dei kalte flogvit i gamle dagar, men eg kjenner meg alt for dum til å vere det. Særskilt når eg les bøkar eller gjeng på førelesingar av flinke professorar, eller når eg studerar krava for å kome inn på Berkeley. For naiv i høve til og med for liten kunnskap om bilete, dei som er so mektige og farlege, og for dårleg ein skribent til å skape gode tekstar om dei. I mitt kunstkritiske essay klarte eg å nemne Miro sju gonger på litt over ei side, det er ikkje heilt bra. Namneslepping av denne verda.
Slik tenkjer eg, og lakenskrekken aukar proporsjonalt med alt det eg sublimerar inn i hjernen min slik at natta vert fyllt av ville draumebilete, der eg står på brygga heime, vatnet stormar og eg diskuterar Det Sublime som nett no ogso er trygt smamn med ein intellektuell kjendis i lang frakk, før eg brått sit i ei stove med fem tyrkiske menn og får han eg tenkjer mest på nett no slengt inn av dørvakta (i mitt hus?), mørbanka, grinande, og avvisande ovanfor all trøyst.
Kan hende eg berre er litt skrullete. Bah, skrull, nerding eller flogvit, omgrep er fattige, det er einskildfenomena som tel. Difor legg eg meg trygt. Eg gler meg.

1 kommentar:

Unknown sa...

(eg kan forresten ikkje hjelpe for at eg tenker litt på deg når eg sit på universitetet og les om bilete med ein kopp kaffi ved mi side)