søndag 2. januar 2011

Om det eg lærte i året som gjekk

I januar lærte eg å vere teaterprodusent. Eg lærte å opptre på TV (og bli kjend att på gata for det!), å handtere vanskeleg personale, å rekkje mykje på stutt tid, at eg verkeleg har eit problem med autoritetar, at eg sjølv faktisk har ein del autoritet når eg skrur den på, at eg faktisk har litt eg kan gje når det kjem til den kunstnariske biten òg.

I februar lærte eg at eg er frisk i hovudet, eller at eg i alle fall ikkje er verdig ei diagnose (og her blei eg særs freista til å leggje inn ei lenkje, so det gjer eg). Det var kjekt, sjølv om eg trur studentpsykologen sin var litt skuffa over at hennar fyrste pasient nokon sinne var frisk, men eg veit ho var glad for den mjuke starten òg.

I mars lærte eg at etanol kan få folk til å finne sider ved seg sjølv dei ikkje visste fanst, og bli veldig utafor av den grunn. Eg lærte ogso at eg kler hanekam og falske augevippar. Byrjar å bli ideltout.

I april lærte eg å lage kaffi på espressomaskin. Eg lagde dessutan min fyrste, ganske stygge, latte-art. Det byrjar å hjelpe seg no, og kaffien er dødsgod, om eg får seie det sjølv, sjølv om mine blomar og blad enno ser litt muterte ut.

I mai lærte eg å forstå Derrida, og det trur eg er årets intellektuelle orgasme. Eg må ta eit atterhald: Eg klarar ikkje heilt å forklare han, so då har eg vel ikkje heilt forstått sakene heller. Men på veg er eg, å ja, visst på veg.

I juni lærte eg at eg er ganske pen, flink og likande. Dette var sjølvtillit-månaden, trur eg. Ting glei i boks og sommaren var herleg, sjølv om eg ikkje hadde ein einaste sommarflørt, eg stolte på at L skulle gå i boks og gjekk heime og venta på han som var i kina og nord-korea og slikt og kjende meg som ei grasenkje.

I juli lærte eg at det er dei små detaljane som gjer ikkje det lisle ekstra, men heile jævla skilnaden, anten det gjeld kaffi, teater eller kommunikasjon med grafiske designarar.

I august lærte eg å sjå på TV att. Det kunne eg godt ha vore utan, og eg satsar på å avlære meg det i 2011.

I september lærte eg at eg, inst inne, er lat. Det er årets nest viktigaste lærdom, trur eg. Og eg lærte (igjen) kor nerd eg er, og eg trur ogso det er den viktigaste medisinen mot latskapen eg har.

I oktober lærte eg at det ikkje gjeng an å gå og vente på folk, for då vert det berre for seint (sjå kva eg lærte i mars/juni), og folk er aldri klare for same slag ting, og ein bør berre justere forventingane sine litt ned og ikkje ta alt so ille opp.

I november lært eg skilnaden på å like eit menneske veldig godt og å like eit menneske veldig godt. Eg lærte kor snøgt eg kan like nokon kjempegodt, og det er veldig lengje sidan det har vore slik. Eg lærte ogso, eller kom til å lure på, om kjærleik til treklatring, kjeivhendtskap, nynorskbruk og teaterbesøk på fyrste date, er ting som faktisk kan gjere utslaget.

I desember (oppsummeringsmånaden) lærte eg mykje om den store verda, og eg lærte at latskapen min får konsekvensar. Eg lærte at ting tek tid og det må eg berre la det gjere, sjølv om det er skremmande at alt kan kome til å gli ut i sanden før det byrjar. Eg lærte det aller viktigaste eg har lært dette året: Sjølv om eg ikkje har angst, er eg engsteleg, frå for at folk som ikkje tek telefonen er daude til meir eksistensielle variantar: At folk som ikkje tek telefonen ikkje likar meg, at eg skal døy einsam, at eg gjer ting som får folk til å føle seg uvel og av den grunnen ikkje lengjer likar meg. Kort sagt vert eg ein smule stressa av kvardagsleg sosial omgang. Årets nyttårsforsett nr. ein er at eg skal slutte å take ting ille opp, dvs. slutte å tru at alt er mi skuld. So viktig er eg ikkje.
Og eg lærte at ja, eg er faktisk forelska.

2010 blei like bra som eg lova.

2 kommentarer:

Greta-G sa...

Hurra! Og 2011 skal blir enda bedre!

/Greta-G

Åsne Hagen sa...

For ei fin liste med lærdommar!