torsdag 15. oktober 2009

Om at verda er sett saman av småting

For det er ho nemleg, faktisk mest ufatteleg små ting dersom me skal tru fysikarane, men det er ikkje atom eller endå mindre partiklar eg tenkjer å skrive om denne gongen. Eg tenkjer heller på dei velkjende småtinga i kvardagen, på korleis eg har det slik at eg kan surmule over at eg aldri gidd å kaste tomme yoghurtbeger i søpla, men heldigvis kan samstundes bli særs tilfreds over å få ein god sitjeplass i auditoriet. Eg er meir uviss på om evna mi til å verta overlukkeleg over ein nypebusk ein klar haustkveld oppvegar den kjensla eg har no, ei forferdeleg uggen angstkjensle skapt av ein halv setning. Eg er med andre ord flink til å ta småting inn over meg, samstundes som eg ogso av og til er heilt i min eigen verden og korkje ser dei store eller dei små tinga, kan hende er det nettopp ein liten ting som skuggar for ein stor, eller ein stor ting som skuggar for alle dei små - som trass alt i sum oftast vert større enn det store.
Eg tok innover meg (håpar eg) ein bit livsvisdom frå min kjære barndomsheimstad si lokalavis, der ei gamal dame på mangeognitti meinte ho hadde blitt so gamal av ikkje å klage. No seier eg ikkje at ein skal godtake alt, men dette med livshaldning...sjå alle dei fine småtinga ofte og ikkje tenkje på alle dei ubehagelege småtinga so mykje var noko eg var heftig flink til før og kan hende bør øve meg på att?

2 kommentarer:

Åsne Hagen sa...

Apropos det å sjå fine augneblinkar - synest dette var ei fin skildring av nett det:

http://skuggar.blogg.no/1232977002_gi_gir_gav_gitt_el_gj.html

Åsne Hagen sa...

Eg tenkte på kor vanskeleg det er å alltid gje, å alltid strekkje seg ut og servere eit vennleg uttrykk. Å vere rettferdig og tolmodig sjølv dei gangane når verda er seig og sliten.

Men så kom det ein gut i rullestol og kyssa meg på handa og takka så fint fordi eg laga veg for han.

“Takk for at du passar på” sa han, og overdøyvde folkehopen. Og akkurat då gjorde han verda gnagande vakker.

Saksa frå ho på http://skuggevals.wordpress.com/