torsdag 18. februar 2010

Om dei tre hovudgrunnane til at iblant vil vere hund i staden for menneske

Morgongrettenheten min. Ja, eg veit at hundar ogso kan vere morgongretne, men berre dersom dei vert vekt før dei føler det er rett at dei skal vakne (og det må jo vere greitt). Eg vaknar om lag fem minutt før vekkarklokkam i ringer, men halvsøv i tre kvarter til. Det vert eg ekstremt sur av. Bikkjer møtar kvar dag med ei vanvittig "hallo, eg lev framstundes! Du lev ogso framstundes! Er det ikkje herleg! Hurra" medan eg i skrivande stund, etter å ha vore oppe i litt meir enn to timar, framleis er sur og helst skulle ville hoppe over heile dagen.

Matgleda. Bikkjer får, meir eller mindre, det same til mat kvar dag, og vert like glade kvar gong. Hadde eg gleda meg so mykje til mat hadde eg aldri tykkja det var eit ork å lage middag.

Det at framande menneske kan stoppe og klappe og klø ein hund dei treff på gata. Ingen framande gjer det med meg, og eg skulle gjerne bli meir klappa og klødd. Eg trur det hadde vore litt meir kjærleik i verda dersom me klappa forbispaserande menneske på same måte som me klappar forbispaserande hundar.

4 kommentarer:

Åsne Hagen sa...

11.11 er eit utruleg fint tidspunkt, nett som i songen til Rufus Wainwright. Forresten trur eg alle ville pjuska deg flat dersom det var sosialt akseptert å klappe dei forbispaserande!

girl sa...

Hallo! Jenny her, jeg snublet over bloggen din som er utrolig fin :)
Hvis du vil kan jeg klø deg i nakken neste gang jeg møter deg. Men jeg tror muligens det ville frike deg ut. Alas.

GaleTale sa...

Hmf. Eg er nokså sikker på at eg har gnukka deg kvar gang eg har pasert deg. Så det så.

johnmagnus sa...

Hm, ja, men ingen av dykk er jo framanda (eller, du var det jo fyrste gong eg traff deg, Tale. Då blei eg veldig glad over den hemningslause gnukkinga!).
Eg ville neppe blitt frika ut, so synd eg tykkjer på meg sjølv når eg føler eg får for lite kroppskontakt hadde eg visst å setje pris på litt kløing i nakken;)