lørdag 13. februar 2010

Om mi reise gjennom verdenane

Etter fyrst å ha vore i kort stund i studentmiddagland, der det er skittent og mykje enkle pastarettar, gjekk eg stutt innom Rocky Horror-land. Der var det meir kaos enn godt er, og eigentleg burde eg kjefta, men blei so overrumpla (og ikkje mindre feig enn eg vanlegvis er) at eg berre gjekk vidare etter stutt tid. Det gav meg eit særs dårleg humør, og eg er enno uviss på om eg er nøydd til å kjefte eller ikkje.
Snart kom eg innom Sogn og Fjordane ei snartur, om ikkje anna var det ein annan gjest der, rår den bløde kyststribe ei stad, og ølet var i det minste bergensk. Dessutan var stemninga god og avslapninga og ein ikkje ubetydleg entusiasme tok over for produsentstresset i kropp og hovud.
Deretter var det naudsynt med ei reise gjennom Bergen by night-land, der er det for få bussar men til gjengjeld mange morosame syn, og heldigvis er landet godt ekvipert med smau og containarar slik at dei av oss som er priviligerte med Y-kromosom og ein om ikkje god so i det minste ikkje direkte dårleg fysisk form kan ølpisse utan at det vert til sjenanse for andre.
Alle desse grensepasseringane hadde eitt mål: Kaizers Orchestra-land. Det er utruleg korleis eit i utgangspunktet sopass dystert og desperat land vert so fyllt av ekstrem glede. Dessutan var Morten Abel ogso i det landet, mellombels opphaldsløyve som framandarbeidar.
Særs fysiskt anstrengande var det opphaldet, so i staden for å gå til Det Akademiske Kvarter-land blei det eit stutt opphald i Kebab-land, der eg for ei gong skuld naut den lokale spesialiteten brus før eg returnerte heim. Til Drøymeland.

Ingen kommentarer: