lørdag 13. februar 2010

Om tiåret som gjekk

Dette burde kan hende ha kome når det nye tiåret enno var nytt, noko det jo enno er, sett i høve til dei store delane av det me enno ventar på, men godt nytt år er ikkje lenger ei helsing å nytte verkar det som, og alle nostalgi-petitar og spådomskronikkar verkar for lengst utgjenge frå avisspalter og bloggar.
Eg likar jo å late som om eg er so sinnsjukt alternativ og motstrøms, so difor har eg ruga på dette innlegget heilt til no.

Kva var 00-talet? Eg har funne ut at det var tiåret folk tok alt ille opp. Ironien lev enno sterkt, men vert møtt av eit heidundrande gravalvor og forutrettaheit på vegne av alle tenkjelege svake grupper, på vegne av den vestlege siviliasjonen, på vegne av kristandom, jødedom og islam, på vegne av Kongeriket Noreg og dei amerikanske sambandsstatane, og ikkje minst på vegne av det heilage, ukrenkelege Eg. Individualismen har tekje ei ubehagleg, sjølvhøgtidleg og egoistisk vending dette tiåret. Samstundes førar denne individualismen til at det eigentleg ikkje er noko som er so veldig viktig. På nittitalet vart alt ironisert tomt, det vert det til ein viss grad enno, men i tillegg er det nokon som buldrar ut at dei vert såra av det. Same kor viktig saka er prinsipielt (ytringsfridom) eller realpolitisk (global oppvarming) møtast det med ein storm av menneske - faktisk eit kollektiv! - som hylar opp om at dette sårar ein eller annan muslim eller ein eller annan privatbilist, og at me derfor bør slutte å mobbe/slutte å moralisere. Fridomen har blitt eit minefelt å navigere i, og dei tidlegare motsetningane mellom fridom til og fridom frå verkar uklare, ikkje minst sidan dei same folka frå sak til sak er i same leir. Sjølvhøgtidlegheiten står i høgsetet, og alt gjeng til helvete, er eg redd. Konklusjonen min, som politisk aktivt ungt menneske, er at eg må bli terrorist. Då treng eg ikkje ta stilling til slike debattar, og vert tekjen seriøst sjølv om mange tykkjer det eg gjer er heilt feil. Eg har diskutert dette med to av dei eg er aller mest glad i, som samstundes er kvar sin variant av arten anarkist, og den eine er, interessant nok, veldig for det, den andre veldig mot. Felles for dei er at dei tykkjer min strategi er forkastleg, anten av di eg er for feig eller fordi eg er for brutal. Og eg tek det ille opp, eg må innrømme det.

Det var den politiske analysa. Eg likar jo å analysere, gjerne næranalyser, so kvifor ikkje næranalysere tiåret. Eg må vere nær det for å analysere det nært - so det vert mitt liv i 00-talet som får ei so inngåande handsaming.

År 2000 var året dei fyrste bitane av vaksenheit kom snikande. Utan å tenkje so mykje over det i utgangspunktet, vert John Magnus potensielt seksuelt tiltrekt av heile menneskeheita, ikkje ein halvpart. Eg prøvar å innføre sanksjonar mot meg sjølv, noko som sjølvsagt ikkje gjer noko med saka. Eg trur ogso dette er året der eg alvorleg tenkjer over framtida, kan hende på grunn av det store årtusenskiftet som skjer, og eg byrjar kan hende å lengte.
2001 var året for dei sjuke og døyande, og dessutan året eg for fyrste gong tykte det var kjekt å vere vekk heimanfrå. Kjem heim frå byen med gult hår og stor gledje i magen over at min aller aller beste ven overlevde det alle trudde han ville døy av.
2002 var nok eigentleg berre drit. Det er ikkje noko godt å bu der eg bur, eg hatar alle like mykje som eg føler at dei hatar meg, og det verkar ikkje som om det gjeng an å flykte. Heldigvis møter eg eit levande alternativ ei kort helg i september, og får nytt håp, trur eg. Og starten på eit stort venskap som ogso har vore stor kjærleik ein periode.
2003 er året eg bestemmar meg for at no får det vere nok. Eg grip tek i det eg trass alt har, og finn ut at det vert ikkje meir moro enn ein lagar sjølv. Eg trur det er no eg skriv mine fyrste dikt. Dei er forferdleg dårlege. Og eg er veldig veldig forelska i verdas penaste jente, men tykkjer framleis gutar er forferdleg heite. Eg tykkjer dette er noko problematisk, men klarar ikkje å overtyde meg nok om det til å slutte med det, enn seie å mislike det.
2004 var fint. Teater, politikk, vener og skriving kom på løpande bånd. Byte av habitat. Eg har trua.
I 2005 måtte eg vere stødig, vere der for nokon, og samstundes oppleve at folk dreg. Ogso døyr Proffen, og heldigvis er eg ikkje åleine i verda når han døyr, det hadde eg vore dersom han hadde døydd i 2001, og eg trur kan hende mykje ikkje hadde gjenge so godt då. Det har eg eigentleg aldri tenkt på før no, men ja, eg trur det er slik. Ein skal ikkje undervurdere pels og snuter.
2006 var året eg verkleg merka at eg måtte ut, ut og vekk. Eg kom rett nok ikkje so veldig langt, men traff ein fluktpartnar som var med meg å leike og drøyme i wannabe forstads-bygda eg budde i. Og eg møtte menneska som utgjer NU for fyrste gong. Ogso kjærleiken, då, den blei realisert til slutt, og eg var tenåring og ikkje 25 som eg hadde vore ganske redd for til tider.
2007 og 2008 var fyllt av ulike begivenhetar, men delar same hovudkarakteristikk: Det var i løpet av desse to åra eg vart vaksen. Opnar med kjærleikssorg, avslutning på tolv års skulegang, flytte utanlands, leve på ein heilt annan måte enn tidlegare, vere veldig veldig slem, arbeide hardare enn eg nokon gong har gjort før (og etter ogso, for den del), fengje masse ansvar, flytta heim att, flytta fort vekk att, blitt student, budd heilt åleine, vore tulleforelska og byrja det seiste året i det fyrste årtiet av millenniumet heilt på topp, med lite pengar men masse kjærleik og Berliner Luft.
2009 har vore det aller beste og det alle verste året i mitt liv so langt. Den store kjærleiken, den store kjærleiken som forsvinn og gjer meg so trist at eg klarar å pådra meg sjølv aspirerande sjukdom, nokre fantastiske intellektuelle og kunstnariske sigrar, erkjenninga av at ogso dei store, stødige i heimen slit på sine vis, tvil om noko nokon gong vert betre, og so plutsleg er eg ikkje trist lenger, sjukdomen vart stogga, eg er på kaostur i Spania, produsent og lokallagsleiar og det verkar som om 2010 vert veldig, veldig bra.

4 kommentarer:

Nattvake sa...

Kan vi ikkje bestemme her og no at 2010 skal bli eit nydeleg år? Inngå ein avtale, påeinmåte?
(På fredag var eg sint på biblioteket. Da tok eg ein kaffi- og Studvestpause, og der var jo du. I Studvest, altså, og når eg såg det, slutta eg å være sint, og byrja å være glad.)

johnmagnus sa...

Eg er absolutt med på ein slik avtale.
So fint mi tilstedeversle i Studvest hjalp på humøret ditt. Eg er for min del særs nøgd med biletet der, og greip meg sjølv i å tenkje, i eit sjeldant sjølvgodt augneblikk, at dersom eg ser so kjekk ut tl dagleg, er eg ikkje so verst.

Nattvake sa...

(du ser så kjekk ut til dagleg)

johnmagnus sa...

(raudne litt i digital skrift)