lørdag 20. februar 2010

Om dei tre tinga ("ting" skal i denne konteksten forståast som "objekt") eg treng mest nett no

Ein sminkekoffert. Den berømte svekka maskuliniteten min krympar seg enno litt meir (kvifor det då? Det gjeng fullt an å sminke fram sine maskuline trekk, og sminking er vel sjølve dømet på at kjønn er performativt, som mi gode veninne minte meg på), men det som tek aller mest plass i baderomsskåpet mitt er faktisk sminke. Og kvar gong eg treng den, kjem eg på det rett før eg skal gå, og kjem for seint av di det er so tungvint å dra altting fram, leite gjennom det osb. Her trengst det system.

Noko som klarar å reingjere Macen min skikkeleg. I dag fann eg endeleg ut at brillepusseskinn og Q-tips er gode remedie mot støv på skjerm og drit i leddet mellom skjerm og - resten? - , men ingen av delande fjernar dei små flekkane av uidentifisert materiale og opphav (men det er nok ein del fett involvert) som er jamnt fordelt over heile den stakkars, ei gong krittkvite maskina.

Piller som gjev ein draumelaus svevn. Eventuelt ei pille som gjer ein harmoniske, avslappande draumar som ikkje medverkar til å gjere nettane til stressande opplevingar.

(ved nærare ettertanke treng eg ikkje desse pillene. Det finst sikkert ein annan måte å få has på draumane sine på. Eg treng heller ei særs ven t-skjorte med bilete av Ragnar Hovland og teksten "Sveve over vatna" på. Den hadde kan hende ogso hjelpt mot draumane)

Ingen kommentarer: