fredag 19. mars 2010

Om blondt hår


Dersom eg har eit nazistisk karaktertrekk, må det vere min kjærleik til blondt hår. Ein av mine finaste bussturar var over fjellet på veg til Bergen der eg sat foran ei jente med blonde dreads, dei fyrste slike eg nokon sinne såg. Dei var ikkje skittenblonde eller heilt kvite som blonde dreads ofte vert, nei, desse var heilt perfekt gyldenblonde slik mest ingen hårprydar er det. Minnes eg i alle fall. Eg blei forelska heilt til Odda.Seist eg var blond var eg eit av dei styggaste vesena som vandra på Høyden. Takk gud for hattar. Eller, takke faen for hattar dersom dei dekkjer andre sitt blonde hår. Eg vil helst forsvinne inn i blondt hår. Det er eit fint dikt om det, kven som har skrive det kan de inne ut sjølv:
Fargen først
Glem kjærleiken.
Bare jeg får daue
i det gule
håret ditt.

Den gleda har eg ikkje hatt enno, men her er nokre fine blonde hårprakter eg i det minste har fengje lov til å kjenne på

3 kommentarer:

Åsne Hagen sa...

Richard Brautigan! Og alle veit at gentlemen føretrekk blondinar - eller blondusar (Sylfest Lomheim si nemning på blonde menn).

johnmagnus sa...

Åh, det var eit fint ord! Det skal definitivt gli inn i mitt vokabular. Men finnest det noko godt norsk ord for raudhåra (raudhåra er liksom for keisamt, og raudfres er jo strengt tatt nedsetjande...). Eg likar jo det engelske ginger, sjølv om det ogso han ha dårlege konnotasjonar.Me burde ha noko tilsvarande.

Åsne Hagen sa...

Eg har lurt på det same, men kjem ikkje på noko særskilt bra. Kan hende me må ta ordet "raudfres" tilbake? Me får spørje Språkrådet... og, når rett skal vere rett: det var kommentator Kathrine Aspaas som lanserte "blondus"-omgrepet, men Sylfest Lomheim sa han syntes det var ypperleg, og at folk gjerne måtte kalle han blondus!