torsdag 29. april 2010

Om å sove

Eg har sove so dårleg i det seiste at det kjennes ut som hardt arbeid både å stå opp og å leggje seg. Dette til trass for at eg har hadd ei arbeidsveke, i mine lataste periodar har eg ofte slitt med å sove, men det er jo fordi eg slappar for mykje av (ei eg kjenner søv ofte dårleg, so difor slappar ho litt ekstra av i vaken tilstand. Årsak-verknad skal ein ikkje ta so alvorleg som ein ofte gjer, men eg trur ho bør tenkje seg litt om. Dagens moralisering). No skuldar eg på tre ting:

Fullmånen. Eg visste ikkje at det var fullmåne førre dagen før eg sjekka no nettopp, med andre ord er all placebo-effekt avvist. Fullmånen gjev meg eit ekstra lite piff, men når eg i utgangspunktet r i dårleg humør kjem piffet i form av søvnproblem. Litt som å ha karri i taco. Feilkrydring.

Vond kropp. Kroppen er vond, særskilt når eg vaknar. Eg brukar meg for lite og har for mange bekymringar og tunge vesker som set seg i skuldrane. Eg treng massasje og nokon som tvingar meg til å vere i fysisk aktivitet. No gjer eg ikkje noko meir anstrengande enn å gå opp bakkar, og det er slitsamt nok på morgonkvisten. Kvifor den blir so mykje verre om natta, veit eg ikkje - lite blodgjennomstrauming hindrar kan hende fjerning av giftstoff? I natt vakna eg av at eg ikkje fekk puste, nasen min var so tett som den aldri har vore før, og eg er ikkje forkjøla - same grunn?

Mangel på godnatsongar. Eg søv best når nokon syng. Eg var avhengig av "Vem kan sägla" som liten, og i no i mine stor gutt-dagar hjelp det på dagar med lakenskrekk og urolege tankar dersom ein romkamerat eller ein kjærast syng "So ro", "Stella Stelina" eller "Trollmor". No er det lenge sidan eg har hatt nokon til å synge for meg. Når eg forhåpentlegvis snart flyttar inn i eit meir sosialt kollektiv, skal eg be medbuarane mine om å synge for meg.

(apropo "So Ro": Eg har revesvans og vakker pels)

Ingen kommentarer: