torsdag 29. april 2010

Om draum og realitet

Kvifor har akkurat sailor boys, matrosar, piratynglingar blitt slike homoerotiske symbol?
Er det berre på grunn av Querelle de Brest? (les boka. Filmen er sikkert ogso særs bra, men det kan ikkje eg borge for).
Eller er det fordi dei har uniformar med so fine striper (det tykkjer nemleg eg er særs tiltrekkjande).
Kan hende fordi dei er muskuløse og maskulinoide, og samstundes litt girlie boys sidan dei har so fine, kvite uniformar og tøysete hovudplagg. Og ikkje minst tilbrigner dei mykje tid på eit lukka område saman med andre menn, og det kan jo berre føre til ein ting. I alle fall når alle dei andre har slike fine uniformar.
Eg har lyst til å bli røva av ein marinegast, og hadde eg hatt overskot og spenn hadde eg kledd meg ut som ein slik og gjenge på erotisk internfest på Kvarteret i kveld (eg har frå halvsikre kjelder høyrt rykte om at nokon eg gjerne skulle sett i slikt eit kostyme, er der i nettopp det), men eg er kemboblakk og har nettopp kome inn frå innstillingsmøte for Kvarteret si generalforsamling, det tok fem timar og eg veit med meg sjølv at det berre er ein forsmak på sjølve generalforsamlinga, so eg lurar på kvifor eg har valgt det mest keisame friviljuge vervet i Bergen sitt studentliv, når eg kunne leika meg som/med sailor boy i staden.

Ingen kommentarer: