onsdag 21. april 2010

Om solnedgangar og stjernehimlar

1999. Me sit på benken som er laga nettopp for det føremålet og ser på solnedgangen. I kveld er han grøn, grøn som nordljoset som berre ei sjeldan gong so vidt syner seg her, på dei aller kaldaste vinterkveldane, men i kveld er ein sommarkveld og det einaste kalde er det dogga graset mellom dei bare tærne mine, og det er ein av dei tre kveldane eg skal få sjå ein solnedgang som er grøn. Du røyker, ser tilfreds ut i lufta, smiler til meg, klør bikkja i den eine enden (eg klør han i den andre) og er ein bauta av faderleg visdom og omsorg. Me visste ikkje då at du ei gong skulle slengje på røret i sinne, og ikkje ta telefonen når eg fortvila prøvde å ringe deg opp att.

2008. Me sit der gata svingar til venstre, der det er ein låg mur me kan site på. Sola er enorm og raud og vert gradvis slukt av hustaka. Me stryk kvarandre i håret og lurar på kva det skal bli av oss her i verda, og om regissøren nokon gong skal bli eit godt menneske. Det er so varmt at det kjennas som ein heit dusj. Når den tredje stjerna dukkar opp på himmelen, gjeng me heim. Me visste då at eg snart skulle reise. Det var vel ein av grunnane til at me sat der.

2008. Du gjeng E 134 vestover mot bygdene som aldri var ein draum for nokon av oss to. Eg står på eit snodekt jorde i ei av bygdene, med inneklede og mobiltelefon. Eg ser opp på Vetterbrøytet, og ringer deg. På eit tidspunkt avtalar me å sjå på den same stjerna i Karlsvogna, og me vert so glade, so glade over at me kjem stadig nærmare kvarandre. Me visste heldigvis ikkje då at du skille bli den fyrste eg tok hardt tak i med den åsikta å slå, for då hadde me nok aldri meir kikka på stjernene saman.

Ingen kommentarer: