søndag 25. april 2010

Om å jobbe både her og der, men mest om å skulle jobbe der

Eg likar ikkje å jobbe, altso som tilsett, altso det ein, oftast nedlatande, har kalla 9-4-arbeid. Lenge leve dei som gjer det, altso. Eg likar ofte arbeidsoppgåvene og eg likar å ha kollegaar, eg er til og med ganske flink til slike ting og får attestar eg kunne ha hengt på veggen (mest fordi eg er ein sjarmerande jævel og får groupie-kundar), men eg likar ikkje repetisjonen og det å måtte vere der mellom nettopp 9 og 4. Eg stagnerar litt i sjela og i hovudet.
Litt difor eg ikkje vil jobbe so veldig mykje i sommar, litt difor eg spurte storesyster om å kan hende få jobbe på den staden ho eig (ho og andre, ogso eg, etterkvart med ein noko betydleg lut, men ho står ved roret). Men mest fordi eg vil ha god tid til å gjere andre ting i sommar, og mest fordi eg likar den staden og har lyst til å bli kaffiflink. No har eg fått jobb der, då die ganze staff etter seiande vart særs beigeistra då dei høyrte eg hadde søkt, og eg har til og med fengje faste vakter og lov til å lære å lage kaffi - det nekta storesyster meg når eg spurte sidan det kom til å bli so dyrt og eg visstnok er so ustabil. Men no skal eg lære det, og klarar eg det, skal eg få lov til å selje kaffien eg lagar og til og med få kaffihandverkarløn.
I morgon skal eg ha opplæring i å vere hyggeleg bak disk, i å stenge og i å gå i banken med pengar. Det verkar ekstremt infantilt å ha opplæring i slike ting eg har gjort mange hundre gonger før, andre stadar, men samstundes veit eg at alle stadar og alle kasser er ulike. Og eg skal bli lært opp av ei eg kan ha semiotikk- og syntakshumor med, so eg gler meg skikkleg til måndag.
Det er jo sundagar som er blå.

2 kommentarer:

Jenny sa...

Kanskje jeg kjøper kaffe av deg en dag.

johnmagnus sa...

Det må du gjere. Om ein månads tid, då har eg forhåpantlegvis vorte litt flinkare.