onsdag 28. april 2010

Om det finaste ordet i verda

Tolkien hadde sine eigne idear om korleis eit språk skulle vere, og ikkje minst var han oppteken av det fonetiske, av korleis orda høyres ut. Vene ting skal nemnast med namn som er vene i seg sjølv. Han laga fleire språk, der Quenya (høgalvisk) og svartmålet er høvesvis eit særs vent og eit veldig stygt språk - det seiste er hardt, stutt og skjerande, medan det fyrste har mange milde vokalar og duvande stavingar. Tolkien meinte at beautiful er eit skrekkdøme, sidan det ikkje er vent i det heile. Det er derimot cellar door, venast i det engelske språket faktisk. Meinte han.

For det finaste ordet i verda er, fint nok, eit ord som tydar nettopp fin, eller kan hende heller pen. Det er fint å sjå på i skrift ogso, legg merke til korleis det (nesten) minner om eit anagram, eller kan hende heller eit slag innrim, på måten det startar og sluttar med ein runding, dei to strekane i midten. Uttal det (o-en uttalast som ein open å, trykk på fyrste staving), smak på ordet. Nyt korleis leppene spennast og slappar av, kjenn på rørsla tunga gjer. Legg merke til kor fint avstemt lydane i ordet er til kvarandre.

Ordet?

bello.

2 kommentarer:

Frøydis sa...

Her inne fant eg frykteleg mange fine ord, både fonetisk og semantisk. Du er nok veldig søt!
Og her er eit ord som eg synes er vakkert, fordi det krøllar seg så fint på tunga:

inoubliable

johnmagnus sa...

Tusen takk skal du ha :) tunga slo jo mest krøll på seg, men på ein veldig god måte! Og semantisk er det eit av yndlingsorda mine...