mandag 5. april 2010

Om eit funn i ei bokhylle

Lille Tre var ei fin bok, sa han. Den burde eg lese. Eg fann boka i dag, og lurte på om eg skulle ta ho med meg for å lese ho, men eg sette ho attende inn i bokhylla. Å lese boka ville berre ha minna meg om han og, dersom eg ikkje kom til å like ho, om kløfta mellom oss, den me aldri ville ha klara å kome over, og til slutt ville eg bli mint på det aller tristaste: At han truleg ikkje les bøker lenger.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Eg las dette for ei veke sidan, og sidan dess har dei siste setningane surra rundt i hovudet mitt. Dei har dukka opp på dei merkelegaste tidspunkt (under ein samtale om kornsorter, foreksempel), og eg vil konstantere at eg likar å ha dei der

johnmagnus sa...

So bra. Dei surra rundt i hovudet mitt ogso, og eg er slett ikkje sikker på om eg er glad for at dei gjer det.