onsdag 14. april 2010

Om å spele blues på saksofon

Eg kan diverre ikkje spele sax. Ei gong, for noko som verkar som lengje sidan, byrja eg å lære å spele, ved sjølvstudium, i ein liten sal i eit gamalt kloster. Det høyrdes ut som ei døyande kyr, medan eg ville at det skulle høyras ut som Good Bait med Coltrane. Etterkvart vakna kyra til live og forlot romet (etter at eg hadde fengje klage frå kommunen), men nokon Coltrane blei eg aldri - heller ikkje nokon anonym storbandist.
Idag har eg for fyrste gong på lengje spela saksofon, og det gjekk betre enn frykta. Sjølv om eg strengt tatt (kvifor kan det aldri vere mjukt tatt?) ikkje kan spele, hjelp det alltid å spele. Bluesen forsvinn ut av kroppen, inn i munnstykket og vert kasta ut i romet. Sjølv om tonane som kjem er for enkle til å kunne kallast blå, er kjensla bak dei like blå som himmelen ute (som slik sett er eit glitrande psykisk landskap for meg nett no, sjølv om klisjeen skulle seie at det burde ha vore regn).
Eg er glad for at det ikkje er regn, det held med blues i hjartet og blues frå saksofonen. Heldigvis er det vår og ein er våryr, og det er perfekte dagar for å gå ut og plante rosebuskar slik at ein kan hauste roser seinare.
Når bluesen ikkje bur i gatene, er det mykje lettare å bere bluesen i hjartet.

2 kommentarer:

Åsne Hagen sa...

Eg las først "anonym storbanditt" ...

johnmagnus sa...

Men det er eg jo.